FOLKEDANSLAGET SØLJA
LOVER

Lov av 4/10-1974 med endringar

§1

Folkedanslaget Sølja har som hovudoppgåve å fremje forståing og interesse for folkedans (songdans, turdans, bygdedans, gammeldans), folkeviser/folkemusikk og bygdebunader, - og skape eit miljø med dette som grunnlag. Laget kan i tillegg sette i gang aktivitetar i samsvar med føremålet til NU.

§2

Dei som har fylt 14 år og godkjenner føremålet til laget er medlemmer når dei har betalt årspengar. Barn kan bli medlemmer når dei har fylt 5 år og har betalt årspengar. Søknad om medlemskap vert avgjort av styret etter retningslinjer fastsett av årsmøtet. Laget er med i Fylkeslaget Varden og godkjenner lovene og føresegnene for denne samskipnaden.

§3 Årsmøtet

Arbeidet i Sølja følgjer kalenderåret. Årsmøtet skal vere innan utgangen av januar. Medlemmene kan kome med framlegg om saker til årsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret seinast 6 veker før årsmøtet. Styret avgjer kva saker det vil ta med på saklista. Saker som er melde i rett tid, men som styret ikkje fører opp på saklista, kan etter særskilt vedtak på årsmøtet likevel takast opp. Årsmøtet må kunngjerast 14 dagar føreåt. Saksdokumenta bør sendast ut samstundes med kunngjeringa. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret i laget eller 1/3 av lagsflokken krev det. Årsmøtet vel leiar, 4 styremedlemmer med 3 varamedlemmer og 2 revisorar med 1 varamedlem. Leiaren blir vald særskilt for eitt år om gongen. Styremedlemmene blir valde for 2 år om gongen, slik at 2 står på val kvart år. Revisorane blir valde for 2 år om gongen slik at ein står på val kvart år. Alle varamedlemmer veljast for eitt år om gongen.

Årsmøtet vel dessutan:

  • utsendingar til årsmøtet i Fylkeslaget Varden og Noregs Ungdomslag.
  • valnemd på 3 medlemmer. Det skal veljast eit nytt medlem kvart år. Den som har vore medlem lengst, er leiar.
  • medlemmer til andre tillitsverv som framgår av eigne retningsliner som er vedtekne av årsmøtet.

Årsmøtet skal ta stode til:

  • årsmelding og revidert rekneskap.
  • arbeidsprogram og budsjett. Storleiken på årspengane til barn og vaksne skal gå fram av budsjettet.
  • andre saker styret legg fram.

For drøftingar, val og røystingar gjeld dei same reglane som for årsmøtet i Noregs Ungdomslag (sjå utdrag av styringsføresegnene).

§4 Styret

Styret vel seg i mellom nestleiar, sekretær og kasserar. 1 varamedlem bør vere med på styremøta. Rettleiarane møter når viktige leiksaker skal drøftast. Styret er vedtaksført når 3 medlemmer er tilstades og røyster. Styret leier arbeidet i laget. Det har også ansvaret for arbeidet i nemder og særgreiner. Styret har ansvaret for at medlemspengane til Noregs Ungdomslag blir betalt til rett tid og at fylkeslaget får 2 eksemplar av årsmeldinga innan 15. februar. Styret er bunde av budsjettet som er vedteke på årsmøtet. Større endringar på budsjettet som fører til at laget må bruke meire pengar, må godkjennast av lagsflokken på eit særskilt årsmøte eller ei øving i laget. Framlegg om slike budsjettendringar skal vere kunngjort seinast 2 veker føreåt.

§5

Blir laget lagt ned eller skiftar føremål så det ikkje lenger kan stå i Noregs Ungdomslag, skal styret i fylkeslaget ta vare på midelen til laget kjem i gang att, eller det blir skipa eit nytt lag i Hamar-området som fyller krava til medlemskap i Noregs Ungdomslag. Går det 15 år etter midelen er teken over og laget ikkje er kome i gang att, eller det ikkje er skipa nytt og godkjent lag, skal midelen overlatast til kommunestyret i Hamar, som etter nærare avtale med fylkeslaget skal nytte midelen til beste for ungdomsarbeidet i kommunen. Lova til Noregs Ungdomslag gjeld når ein skal avgjere om laget er lagt ned eller har skift føremål.

§6

Lovene og føresegnene for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøva i ungdomslag eller organisasjonen allment, gjeld og for Folkedanslaget Sølja. §7 Framlegg om lovendring skal vere kunngjort minst 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan då vedta endringa med 2/3 fleirtal. Endringa må godkjennast av fylkeslaget.

Til toppen

 

RETNINGSLINJER FOR BUNADNEMNDA

  1. Bunadnemnda skal være et rådgivende og opplysende organ for Folkedanslaget Sølja.
  2. Bunadnemnda skal ha leder og 2 medlemmer og 2 varamedlemmer valgt av årsmøte i Sølja. Leder skal velges særskilt for 1 år. Medlemmene velges for 2 år slik at ett medlem står på valg hvert år. Varamedlemmene velges for 1 år.
  3. Bunadnemnda skal arbeide for å fremme bunad- og folkedrakttradisjon i Sølja. Det gjøres ved å øke kunnskapen om bunadene og bruken av disse.
  4. Bunadnemnda bør arbeide for å utvide sin egen kompetanse i forbindelse med folkedrakter/bunader.
  5. Bunadnemnda bør være representert på fagseminar om bunadsarbeid i NU-regi.
  6. Bunadnemnda bør ta ansvar for å forberede presentasjon av folkedrakter/ bunader under leikframsyninger.
  7. Bunadnemnda skal utarbeide en arbeidsplan med kostnader. Denne legges fram for styret i Folkedanslaget Sølja senest 1.desember.
  8. Bunadnemnda skal sende melding til årsmøtet i Folkedanslaget Sølja. Nemnda skal ikke føre eget regnskap.

Til toppen

 

RETNINGSLINER FOR OPPTAK AV NYE MEDLEMMER I SØLJA

Den som ønsker å bli medlem i SØLJA må ha gjennomgått minst eitt leikkurs, eller ha tilsvarande opplæring. Dersom laget i ein periode ikkje skipar til nybegynnerkurs kan folk med god røynsle i dans (spesielt gamaldans/bygdedans) tas opp som medlemmer. Laget kan ta opp spelemenn som medlemmer.

Til toppen

 

RETNINGSLINJER FOR PROGRAMKOMITEEN

Oppnemning

Programkomiteen blir oppnemnt av styret. Komiteen har fire medlemmer. Minst to er instruktørar og minst ein er frå styret. Instruktørane blir oppnemnt for to år slik at ein går ut kvart år. Dei to andre blir oppnemnt for eitt år.

Oppgåver og ansvar

Komiteen skal utvikle det faglege innhaldet i øvingar og framsyningar.

Komiteen har ansvar for å:

  • Sette opp øvingsprogram for danseåret
  • Utarbeide program for framsyningar i hovudlaget og kontradansgruppa.

Oppsette øvingsprogram må være klare innan søknadsfristen for statsstøtte. Spelemennene i laget bør knytast nært opp til arbeidet i komiteen. Komiteen kan og knyte til seg andre med innsikt i og interesse for dette arbeidet når det er bruk for det. Komiteen har ansvar for å ta ut dansarar og gjere avtale med dei faste spelemennene i laget om musikk til framsyningsoppdrag. Når eigne spelemenn er hindra eller treng forsterking, skaffar komiteen musikk på annan måte. Styret skal då orienterast.

Medlemsinnflytelse

Alle i laget skal bli invitert til å fremje forslag og ønsker om dansar til arbeidsprogrammet.

Alle i laget skal ha høve til å delta på framsyning.

Til toppen

 

RETNINGSLINJER FOR HUMANITÆRKOMITEEN

Formål: Yte humanitærhjelp til det litauiske folk i en vanskelig tid. Hjelpearbeidet skal være selvfinansierende og behovsrelatert.

Oppnevning: Humanitærkomiteen oppnevnes av styret på første styremøte etter årsmøte, og skal bestå av minst tre medlemmer som oppnevnes for ett år. Komiteen kan etter behov knytte til seg flere personer. Humanitærkomiteen konstituerer seg selv.

Oppgaver:

  • Holde kontakt med mottakerapparatet i Litauen, norske og litauiske myndigheter og foreningen Norge-Litauen.
  • Skaffe økonomiske midler for å gjennomføre humanitærhjelp.
  • Organisere innsamlinger.
  • Skaffe lagerplass og transport.

Ansvar: Til orientering legges fram årsmelding og regnskap for årsmøtet. Årsmeldingen og regnskapet behandles ikke. Arbeidsåret følger kalenderåret.

Endringer av retningslinjer legges fram for årsmøtet til orientering.

Opphør av aktiviteten eller endring av formålet legges fram for årsmøtet til orientering. Ved opphør skal økonomiske midler og eventuell rest av varebeholdning i sin helhet gå til en humanitær organisasjon.

Til toppen

 

STATUTTER FOR UTDELING AV METALLPLATTE AV SØLJAS EMBLEM (SØLJAPLATTEN)

  1. Platten kan gis til personer i og utenfor laget som har gjort en spesiell innsats for laget.
  2. Platten kan brukes som gave ved besøk hos andre, eller hvis laget har gjester.
  3. Platten er ikke til salgs.
  4. Det skal opplyses i årsmeldingen hvem som eventuelt har fått platten siste år, og i hvilken forbindelse.
  5. Styrets flertall (minst 3 medlemmer) må være enige om hvem som skal få platten. Forslag om utdeling må leveres skriftlig til styret ved lederen. Forslaget må være begrunnet, og underskrevet av minst ett lagsmedlem.

Til toppen