På Fylkeslaget Vardens årsmøte den 12.april 2008 ble Vardenprisen tildelt

Ingrid Maurstad Tuko

Ola Lilleåsen, Leder i Varden, og Ingrid

Ingrid er en aktiv dame i folkedansmiljøet og fra grunngivingen for prisen sakses følgende

-         Ingrid har instruert i Folkedanslaget Sølja sidan 1994, (14 år)

-         Ho har framleis hovudansvar for songdansen i laget.

-         I 1997 tok ho på seg instruksjonen i Vallset Folkedanslag, og har vore instruktør der sidan da.

-         Ho har halde kurs i dans for vaksne i Stange Kommune, bl.a. to begynnarkurs i Fransese.

-         Ho har vore mye nytta som danselærar i skolane, og har dermed halde utallige kurs i barne- ungdoms- og vidaregåande skolar både i Stange, Løten og Hamar i perioden 1986-2008.

-         Ho har instruert mye barnedans, og vore leiar for fleire barnelagsfestar.

-         Frå hausten 2007 overtok Ingrid instruksjonen i Elverum danselag, pluss i eit lite danselag i Brumunddal.

-         Ho starta og opp med seniordans for ei gruppe i Vang Pensjonistforening i 2007.

-         I vinter (2008) har ho og vore ”instruksjonsmedhjelpar” i Vestadringen, og ho har hatt danseinstruksjon for elevar og lærarar på Jønsberg Vidaregåande Skole både i skoletida og på kveldstid. Slik at ho etter jul dette året har instruert dans i 7 ulike grupper.

-         Ho instruerer i barneleikar, runddans, songdans, turdans, kontradans, linedans og swing etter behov.

-         Det må og nemnast at ho i perioden 1986-87 satt i styret i Folkedanslaget Sølja.

-         I perioden 1998- 2003 (5 år) var ho styreleiar i Sølja. (Ho er den som har lengst fartstid som leiar i laget)

-         Det må og nemnast at ho i perioden 1986-87 satt i styret i Folkedanslaget Sølja.

-         I perioden 1998- 2003 (5 år) var ho styreleiar i Sølja. (Ho er den som har lengst fartstid som leiar i laget)

-         Ho har vore ein god ambassadør for norsk folkedans på Sølja sine turar i utlandet, ved at ho har instruert norsk folkedans og leia framsyningar. Spesielt må nemnast at ho var den eine av tre instruktørar på ”Norsk Folkedansstemne” i Seattle i 1999, og at ho var hovedinstruktør på samme ”stemne” i 2006. ”Norsk Folkedansstemne” er eit opplæringsarrangement i norsk folkedans for danseleiarar i Sons of Norway-foreningar i USA.

-         Ho er interessert og aktiv i husflidsektoren.

-         Ho veileder i bunadsbruk og rettar opp, og reparerer bunader for folk.

-         I regi av husflidslag i Stange har ho halde fleire kurs i hekling, toving av ull og i gamle strikketeknikkar.

-         I regi av Folkedanslaget Sølja har ho halde kurs i brikkevev, i fingring av hosoband og i binding av pyntekostar med Bjørnemose.