Nordhue - fottur og kulturprogram

HHT går fottur til Nordhue og fleire aktører deltar med fyldig kulturprogram på toppen 790 moh

Hamar og Hedmarken turistforening og Folkedanslaget Sølja arrangerer søndag 30. mai kombinert fottur og kulturtur med Per Sivle og songdansar, kaffe og Helge Væringsåsen

Turen går til Hedemarksviddas storslåtte utsiktspunkt, fjelltoppen Nordhue 790 moh. Her skal vi få vitja Helge Væringsåsen frå Elverum sin palassaktige fristad "Borgen" og sjå folkedans ved støtta til minne om kor Per Sivle fekk inspirasjon til sitt dikt «Vardevakt».

Kl 1045 er det frammøte ved Øysetra. Turen opp er ca. 4 km gjennom myr og lettkupert mark, den siste km går bratt opp lia mot toppen. Ein kan rekne ca 1 ½ time på turen. Turleiing ved HHT.

Kl 1300 startar kulturprogrammet. Fyrst utandørs med songdans ved Folkedanslaget Sølja ved Sivlestøtta på Nordhue. På nokre av songane kan alle få delta. Instruktør Ingrid Tuko.

Dersom veret ikkje tillet vidare uteliv, vert resten av programmet innadørs. Fyrste eit kåseri om Helge Væringsåsen (1836 – 1917) som norskdomsforkjempar og filantrop og om tilskipinga av værestaden hans på Nordhue ved Rolf Olsen frå Sølja. Deretter vert det ein forteljarstund med vossastubbar skriven av Per Sivle ved Roald Waktskjold frå BUL Oslo.

Det er sal av kaffe og kaffemat fra kl 1230, men ta gjerne med eigen niste.

Etter opphaldet på Nordhue kan ein gå vegen attende til parkeringa på ca. ¾ time.

Tilkomst: Følg skilting mot Nordhue frå rv 25 ved Ebru (bomveg 40 kr). Turgjengarar startar ved Øysetra (ca. 14 km frå rv 25) kl. 10.45. Det er veg heilt opp til toppen, 200 m frå Borgen. Sjå kart http://kart.gulesider.no/ Søk på kjørerute Ebru – Nordhue, Løten

Informasjon: Einar Lund, tlf. 901 46 218