Danse mi vise - teikne min song
Songdansveka i Sølja 12.-19. juni 2004

Som ein del av Sølja sitt 30-års jubileumsarrangement, og i samarbeid med Musikkfestuka i Hamar, sett Sølja songdansen på dagsorden i Hamar sentrum (i Magasinet på Østre Toprg) ei heil veke i juni. 

Arrangementet er bygd opp rundt to teikneseriehefte som er utgitt dei siste par åra. Harald Aadnevik har teikna songdansane gjennom fleire år som ein del av opplærings- og instruksjonsverksemda i Oslo Songdanslag. Kjell Klausen har gjort det same med visa om Åsmund Frægdegjeva. Originalteikningane skal visast som ei utstilling frå laurdag til laurdag. Samtidig trommar Sølja saman sterke krefter for å utvide perspektiva både på songdansen og på teikneserien som formidlings- og kulturformer. Kvar dag vil det vere eit kåseri eller foredrag som knytter desse tinga saman. Sjå programmet under. Dette vil foregå i same lokale som utstillinga.

Arrangementa er støtta av Hamar kommune og Hedmark fylkeskommune.


Tegning: Kjell Klausen

Utstillingar

Harald Aadnevik Teikneseriestriper av fleire ulike songdansar
Kjell Klausen Teikneseriestriper av Åsmund Frægdegjæva
Anita Nedregård Isaksen Biletvev med motiv frå Kjølnesvisa
Kjersti Prestkvern/Husfliden (ansvarlig) Hedmarksbunad rekonstruert type

Detaljert program

Laurdag 12. juni
13.00 Songdans på Østre Torg: Sølja, Lurvelegg og Oslo songdanslag
13.30 Offisiell opning, Magasinet, Østre Torg
14.00 Harald Aadnevik, Oslo songdanslag: Om tilverkinga av teikneseriane. Kåseri
Vebjørn Bakken, Oslo Songdanslag: Songdansen i historisk tradisjon. Kåseri
Illustrasjonsdans: Oslo Songdanslag.
   
Søndag 13. juni
UTSTILLINGA STENGT
   
Mondag 14. juni
17.15 Songdans på Østre Torg: Sølja og folkedanslaget Ottar Birting
18.00 Kjell Klausen: Åsmund Frægdegjæva. Kåseri om teikneserien og instruksjon i dansen.
Illustrasjonsdans: Sølja og folkedanslaget Ottar Birting.
   
Tirsdag 15. juni
18.00 Kjersti Prestkvern: Folkedraktene gjennom folkevisene. Kåseri. Framsyning av drakter: Hedmarksbunaden.
Bente Kvile Buflod: song 
   
Onsdag 16. juni
17.15 Songdans på Østre Torg: Barneleikarring frå Hoberg skole
18.00 Margrete Nordmoen, fylkesmusikar: Songdansar og folkeviser. Konsert. Inngang kr. 50,-.
 
Torsdag 17. juni
17.15 Songdans på Østre Torg: Vallset folkedanslag
18.00 Knut Ståle Hauge: Norsk teikneseriehistorikk og tradisjon. Kåseri.
   
Fredag 18. juni
17.15 Songdans på Østre Torg: Folkedanslaget Sølja
   
Laurdag 19. juni
13.00 Songdans på Østre Torg: Folkedanslaget Sølja
14.00 Knut Imerslund: Hulda Garborg, sangdansens mor.
Framsyning: Sølja.


Tegning: Harald Aadnevik

Åpningstider

Laurdag 12. juni 13.30-16.00
Søndag 13. juni STENGT
Mondag 14. juni 12.00-18.00
Tirsdag 15. juni 12.00-18.00
Onsdag 16. juni 12.00-18.00
Torsdag 17. juni 12.00-18.00
Fredag 18. juni 12.00-18.00
Laurdag 19. juni 12.00-16.00. Stengt pga. program 14.00-15.00

Stad

Alt skjer i Hamar sentrum i lokalet "Magasinet" på Østre Torg. Alle interesserte er velkomne. Utstillinga er gratis. På konserten med Margrete Nordmoen kostar billetten 50 kroner. Dei andre arrangementa er gratis.
 

Denne siden ble oppdatert 07.03.2011